Naturfag (NAT01‑04)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter vg1 studieførebuande utdanningsprogram
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utforske ei sjølvvald naturfagleg problemstilling, presentere funn og argumentere for val av metodar
- risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte
- drøfte korleis utvikling av naturvitskaplege hypotesar, modellar og teoriar bidreg til at vi kan forstå og forklare verda
- vurdere og lage program som modellerer naturfaglege fenomen
Forklaring til kompetansemål
Kompetansemålet er tenkt å kunne koplast til andre kompetansemål, og programmering kan inngå i arbeidet med dette.
- utforske og beskrive nokre sentrale bølgjefenomen
Forklaring til kompetansemål
Sentrale bølgjefenomen kan vere refleksjon, bryting, bøying og interferens.
- forklare hovudprinsippa for trådlaus kommunikasjon og gi døme på kva slik teknologi blir brukt til
- utforske og beskrive elektromagnetisk og ioniserande stråling, og vurdere informasjon om stråling og helseeffektar av ulike strålingstypar
Forklaring til kompetansemål
Det skal gjennomførast ei fullgod kartlegging og risikovurdering av arbeidsmiljøet for elevar og lærarar, og arbeidsgivaren skal sjå til at all stråleeksponering blir halden så låg som mogleg.
- beskrive big bang-teorien om korleis universet har oppstått og utvikla seg, og gjere greie for observasjonar som støttar denne teorien
- utforske og gjere greie for samanhengar mellom kjemiske bindingar og eigenskapar til ulike stoff
- utforske eigenskapar og reaksjonar til nokre organiske og uorganiske karbonsamband, gi døme på korleis dei blir anvende, og gjere greie for kva betydning karbonet har for livet på jorda
- gjere greie for korleis nokre miljøgifter kan bli akkumulerte i næringskjeder, og vurdere tiltak for å ta vare på helse og miljø
- gjere greie for funksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv
- drøfte aktuelle helse- og livsstilsspørsmål og vurdere kor pålitelig informasjon frå ulike kjelder er
- beskrive DNA og korleis eigenskapar blir arva, og gjere greie for korleis arv er ein føresetnad for evolusjon
- gjere greie for korleis klimaendringar påverkar evolusjon, utbreiing av artar og biologisk mangfald
- gi døme på bruk av bioteknologi og drøfte etiske spørsmål knytte til bioteknologi
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i naturfag på vg1 studieførebuande utdanningsprogram når dei bruker fagspråk, teoriar og modellar til å utforske, beskrive, forklare og drøfte samanhengar i og mellom naturfaglege fenomen. Dei viser og utviklar òg kompetanse når dei argumenterer for metodeval, gjer etiske og sikkerheitsmessige vurderingar, reflekterer over funn og kritisk vurderer kjelder og informasjon knytte til eigne utforskingar og forsøk. Vidare viser og utviklar dei kompetanse når dei anvender og reflekterer over naturvitskaplege praksisar og tenkjemåtar og naturvitskapleg teknologi.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å leggje til rette for varierte, praktiske og utforskande arbeidsmåtar. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i naturfag. Elevane skal få moglegheit til å utforske og prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i naturfag.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i naturfag ved avslutninga av opplæringa etter vg1 studieførebuande utdanningsprogram. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i naturfag basert på kompetansen eleven har vist år eleven har kommunisert kunnskap om og forståing av innhaldet i faget og har sett samanhengar. Karakteren skal òg vere basert på kompetansen eleven har vist når eleven har arbeidd praktisk og utforskande med faget.