Norsk for språklege minoritetar FOV (NOR11‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter modul 1
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- samtale om og prøve ut nokre strategiar for å lære eit nytt språk
- kjenne att og utforske norske språklydar og norsk stavingsstruktur, trykk og intonasjon og dessutan uttale nokre ord, frasar og enkle setningar på ein forståeleg måte
- gi døme på nokre språklege likskapar og forskjellar mellom norsk og andre språk
- utforske enkle grunnleggjande mønster for rettskriving, teiknsetjing og grammatiske strukturar
- prøve ut og bruke tilpassa digitale ressursar som støtte i kommunikasjon og læringsarbeid
- forstå og bruke enkle frasar for å snakke om seg sjølve og kvardagslege tema i daglegdagse samhandlingssituasjonar
- forstå og bruke nokre grunnleggjande kvardagslege og faglege ord og omgrep i samtalar
- samtale om kvardagsliv og tradisjonar i Noreg og i andre land
- lese, reflektere over og samtale om svært enkle tekstar om kjende daglegdagse emne
- lese, reflektere over og samtale om svært enkle skjønnlitterære og informative tekstar
- fylle inn personlege opplysningar i enkle skjema
- skrive og svare på enkle meldingar og beskjedar
- skrive svært enkle forteljande og beskrivande tekstar
- bruke nokre få innøvde grunnleggjande grammatiske strukturar i eigne tekstar
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Deltakarane viser og utviklar kompetanse i norsk for språklege minoritetar på modul 1 når dei les og skriv svært enkle tekstar, og når dei samtaler om kvardagsliv og kjende tema i situasjonar der dei får støtte frå konteksten. Dei viser og utviklar kompetanse òg når dei prøver ut strategiar og eigna digitale ressursar for å lære norsk.
Læraren skal leggje til rette for deltakarmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom dialog og tilbakemeldingar for å gjere opplæringa relevant for deltakarane, og gjennom å anerkjenne, synleggjere og aktivt bruke ressursane og kompetansen til deltakarane. Læraren og deltakarane skal vere i dialog om utviklinga til deltakarane i faget norsk for språklege minoritetar. Deltakarane skal få moglegheit til å setje ord på kva dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege og språklege utvikling. Dei skal få informasjon om kva som er forventa av dei, og korleis dei kan arbeide vidare for å nå måla sine for opplæringa. Læraren skal bruke undervegsvurderinga til å tilpasse den vidare opplæringa. Undervegsvurderinga skal bidra til at deltakarane bruker kompetansane sine, erfaringar og språklege ressursar til å utforske og prøve seg fram i vidare læring.