Norsk for språklege minoritetar FOV (NOR11‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter modul 4
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- bruke formålstenlege strategiar for å vidareutvikle munnlege og skriftlege språkferdigheiter
- snakke norsk med ein funksjonell uttale
- bruke eiga fleirspråklegheit som ein ressurs i læring av fag og språk
- vurdere og bruke ulike digitale ressursar kritisk i kommunikasjon og læringsarbeid
- uttrykkje seg munnleg på ein forståeleg måte i samhandlingssituasjonar, med eit breitt ordtilfang og ordval som passar i samanhengen
- delta aktivt i faglege diskusjonar med grunngitte meiningar og relevante argument
- trekkje ut relevant informasjon frå, samanfatte hovudinnhaldet i og reflektere over ulike tekstar munnleg og skriftleg
- forstå, formidle og samtale om norskfaglege og tverrfaglege tema med relevant fagspråk
- lese eigna saktekster og skjønnlitterære tekstar på bokmål og nynorsk, og reflektere over innhald og tema ut frå eigne erfaringar og referanserammer
- kjenne att språklege verkemiddel i eigna tekstar og utforske bruken av språklege verkemiddel i eigne tekstar
- reflektere kritisk over formålet med tekstar, innhaldet i dei og kva påverknadskraft og truverd dei har
- søkje etter relevant informasjon og vurdere informasjonen kritisk
- bruke grunnleggjande reglar for rettskriving, teiknsetjing og grammatiske strukturar og uttrykkje seg skriftleg med variasjon i ordtilfang og strukturar
- skrive for å informere, fortelje og argumentere i ulike sjangrar, tilpassa formål og mottakarar
- samanlikne informasjon frå ulike tekstar, markere sitat og vise til kjelder på ein etterprøvbar måte
- samtale om korleis haldningar og verdiar kjem til uttrykk i ulike tekstar frå ulike tider og ulike kulturar
- reflektere over fleirspråklegheit, språkleg variasjon og mangfald i Noreg og korleis det norske språket har endra seg over tid
- reflektere over eigne ønsker for og moglegheiter i utdanning og yrkeslivet
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Deltakarane viser og utviklar kompetanse i norsk for språklege minoritetar på modul 4 når dei informerer, fortel og argumenterer munnleg og skriftleg, og når dei reflekterer kritisk over formålet med tekstar og innhaldet i tekstane. Dei viser og utviklar òg kompetanse når dei bruker formålstenlege strategiar og ulike digitale ressursar for å vidareutvikle språkferdigheiter og støtte kommunikasjonen og læringsarbeidet.
Læraren skal leggje til rette for deltakarmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom dialog og tilbakemeldingar for å gjere opplæringa relevant for deltakarane, og gjennom å anerkjenne, synleggjere og aktivt bruke ressursane og kompetansen til deltakarane. Læraren og deltakarane skal vere i dialog om utviklinga til deltakarane i faget norsk for språklege minoritetar. Deltakarane skal få moglegheit til å setje ord på kva dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege og språklege utvikling. Dei skal få informasjon om kva som er forventa av dei, og korleis dei kan arbeide vidare for å nå måla sine for opplæringa. Læraren skal bruke undervegsvurderinga til å tilpasse den vidare opplæringa. Undervegsvurderinga skal bidra til at deltakarane bruker kompetansane sine, erfaringar og språklege ressursar til å utforske og prøve seg fram i vidare læring.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen deltakaren har etter opplæring i modul 4 i norsk for språklege minoritetar. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at deltakarane får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i norsk munnleg basert på kompetansen deltakaren har vist når deltakaren har kommunisert fagleg innhald munnleg. Læraren skal setje karakterar i norsk skriftleg basert på kompetansen deltakaren har vist i eit utval tekstar i ulike sjangrar og for ulike formål.