Norsk for språklege minoritetar FOV (NOR11‑01)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Etter modul 4:
Deltakaren skal ha to standpunktkarakterar, éin i munnleg og éin i skriftleg.
Eksamen for deltakarar
Etter modul 4:
Deltakaren kan trekkjast ut til skriftleg eksamen. Eksamenen skal ha ein førebuingsdel. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Deltakaren kan òg trekkjast ut til munnleg eksamen med førebuingsdel. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Eksamen for privatistar
Etter modul 4:
Privatisten skal opp til skriftleg eksamen. Eksamenen skal ha ein førebuingsdel. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. I tillegg skal privatisten opp til munnleg eksamen. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Kommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Modulvurdering
Etter modul 1:
Deltakaren skal ha to vurderingar, éin i munnleg og éin i skriftleg. Karakterskalaen som skal brukast, er den tredelte skalaen låg måloppnåing, middels måloppnåing, høg måloppnåing.
Etter modul 2:
Deltakaren skal ha to vurderingar, éin i munnleg og éin i skriftleg. Karakterskalaen som skal brukast, er den tredelte skalaen låg måloppnåing, middels måloppnåing, høg måloppnåing.
Etter modul 3:
Deltakaren skal ha to vurderingar, éin i munnleg og éin i skriftleg.