Norsk for språklege minoritetar FOV (NOR11‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Norsk for språklege minoritetar er eit sentralt fag for språklæring, kulturforståing og kommunikasjon. Faget skal ruste deltakarane til å delta aktivt i samfunnet og bidra med ressursane sine. Vidare skal det styrkje føresetnadene til deltakarane for livslang læring og eit arbeidsliv som stiller krav til munnleg kommunikasjon og kompetanse i lesing og skriving. Faget skal skape rom for opplevingar, tolking og refleksjon, og det skal bidra til å utvikle forståing for eigne og andre sine perspektiv og livsvilkår.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Norsk for språklege minoritetar skal bidra til at alle får like moglegheiter til å delta i utdanning, arbeid og samfunnsliv. På den måten skal faget leggje til rette for livsmeistring, medverknad og demokratisk deltaking. Faget skal anerkjenne og aktivt bruke erfaringane og kompetansen til deltakarane og dei språklege og kulturelle ressursane og ferdigheitene deira. Slik kan faget vareta og styrkje menneskeverdet og identiteten til kvar enkelt, og det kulturelle mangfaldet og fellesskapen i samfunnet samla sett.