Norsk for språklege minoritetar FOV (NOR11‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter modul 3
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- bruke ulike strategiar for å vidareutvikle språkferdigheiter
- snakke norsk med ein stort sett funksjonell uttale
- samtale om og bruke eiga fleirspråklegheit som ein ressurs i læring av fag og språk
- bruke nokre grunnleggjande reglar for rettskriving, teiknsetjing og grammatiske strukturar, og uttrykkje seg skriftlege med variasjon i ordtilfang og strukturar
- velje ut og bruke formålstenlege digitale ressursar som støtte i kommunikasjon og læringsarbeid
- lytte til og følgje opp innspel frå andre og grunngi eigne standpunkt i samtalar
- presentere seg sjølv og sin eigen kompetanse munnleg og skriftleg, og svare på spørsmål som er aktuelle i samband med jobbintervju
- finne informasjon og samtale om ulike utdanningar og yrke baserte på eigne interesser og moglegheiter
- fortelje att, forklare og reflektere over innhaldet i ulike tekstar og grunngi eigne synspunkt munnleg og skriftleg
- lese eigna saktekster og skjønnlitterære tekstar, og samtale om innhald, tema og nokre språklege og litterære verkemiddel
- forstå, formidle og samtale om norskfaglege og tverrfaglege tema og bruke noko fagspråk
- planleggje, strukturere og skrive enkle tekstar i ulike sjangrar
- utforske samspelet mellom skrift, bilete og andre uttrykksformer
- reflektere over samanhengar mellom språk, kultur og identitet
- samtale om samisk språk og kultur i fortid og notid
- reflektere over korleis ein framstiller seg sjølv og andre i digitale medium
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Deltakarane viser og utviklar kompetanse i norsk for språklege minoritetar på modul 3 når dei les, skriv og samtaler om ulike faglege tema, og når dei presenterer eigen kompetanse og reflekterer over eigne interesser, utdanningsmoglegheiter og yrkesmoglegheiter. Dei viser og utviklar kompetanse òg når dei bruker ulike strategiar og eigna digitale ressursar for å vidareutvikle språkferdigheiter og støtte kommunikasjonen og læringsarbeidet.
Læraren skal leggje til rette for deltakarmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom dialog og tilbakemeldingar for å gjere opplæringa relevant for deltakarane, og gjennom å anerkjenne, synleggjere og aktivt bruke ressursane og kompetansen til deltakarane. Læraren og deltakarane skal vere i dialog om utviklinga til deltakarane i faget norsk for språklege minoritetar. Deltakarane skal få moglegheit til å setje ord på kva dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege og språklege utvikling. Dei skal få informasjon om kva som er forventa av dei, og korleis dei kan arbeide vidare for å nå måla sine for opplæringa. Læraren skal bruke undervegsvurderinga til å tilpasse den vidare opplæringa. Undervegsvurderinga skal bidra til at deltakarane bruker kompetansane sine, erfaringar og språklege ressursar til å utforske og prøve seg fram i vidare læring.