Norsk for språklege minoritetar FOV (NOR11‑01)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i faget norsk for språklege minoritetar er å kunne kommunisere med andre gjennom å lytte, fortelje og samtale og å kunne uttrykkje seg formålstenleg i situasjonar der ein samhandlar med andre. Norsk for språklege minoritetar har eit særleg ansvar for utviklinga av munnlege ferdigheiter på norsk. Utviklinga av munnlege ferdigheiter går frå å prøve ut det norske språket i enkle kommunikasjonssituasjonar til å bruke språket stadig meir presist og nyansert i opplæring, arbeidsliv og samfunnsliv i eit livslangt perspektiv.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i faget norsk for språklege minoritetar er å utvikle skrivekompetanse på norsk, både på papir og digitalt, og å kunne skrive for å kommunisere, lære og ytre seg. Norsk for språklege minoritetar har eit særleg ansvar for skriveopplæringa på norsk. Utviklinga av det å kunne skrive i faget går frå å skrive svært enkle tekstar til å planleggje, forme ut og omarbeide meir komplekse tekstar i opplæring, arbeidsliv og samfunnsliv i eit livslangt perspektiv.
Å kunne lese
Å kunne lese i faget norsk for språklege minoritetar er å skape meining i eit breitt utval eigna tekstar, både på papir og digitalt. Det inneber å lese ulike tekstar som kan innehalde skrift, bilete, illustrasjonar, tal og andre uttrykksformer. Norsk for språklege minoritetar har eit særleg ansvar for leseopplæringa på norsk. Utviklinga av det å kunne lese i faget går frå å forstå enkle tekstar til å lese, tolke og reflektere over tekstar i ulike sjangrar i opplæring, arbeidsliv og samfunnsliv og dessutan reflektere kritisk over formålet med tekstar og innhaldet og truverdet i dei.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i faget norsk for språklege minoritetar inneber å behandle informasjon, skape og redigere ulike typar tekstar og kommunisere med andre digitalt. Det inneber å bruke digitale verktøy og ressursar på ein eigna og forsvarleg måte, å utvikle digital dømmekraft og å utvikle formålstenlege strategiar for nettbruk. Faget skal òg bidra til at deltakarane utviklar digitale ferdigheiter som krevst for samfunnsdeltaking og medborgarskap i eit livslangt perspektiv. Utviklinga går frå å prøve ut digitale verktøy og ressursar til å kunne bruke dei på ein sjølvstendig, kritisk og kreativ måte.