Norsk for språklege minoritetar FOV (NOR11‑01)
Kjerneelement
Språklæring
Deltakarane skal vidareutvikle norskferdigheitene sine gjennom å bruke varierte strategiar for å lære og prøve ut språket i ulike samanhengar og vidareutvikle ei metaspråkleg bevisstheit. Deltakarane skal bruke kunnskapar om språket som system og om språkbruk i ulike samanhengar og situasjonar. Dei skal samanlikne norsk med språk dei kan frå før, og trekkje vekslar på eigne fleirspråklege ressursar i språklæringa.
Munnleg kommunikasjon
Deltakarane skal uttrykkje seg munnleg på norsk, skape meining og bidra til forståing i ein språkleg fellesskap. Det inneber å samhandle i ulike situasjonar i opplæring, arbeidsliv og samfunnsliv. God munnleg kommunikasjon føreset òg kjennskap til kommunikative konvensjonar og evne til å tilpasse språket til ulike samanhengar og mottakarar. For å kunne kommunisere munnleg i relevante og meiningsfulle samanhengar skal deltakarane utvikle uttale, ordtilfang og omgrepsapparat og kunnskap om grunnleggjande grammatiske strukturar.
Lesing og kritisk tilnærming til tekst
Deltakarane skal utvikle leseferdigheiter på norsk og reflektere kritisk over kva påverknadskraft og truverd ulike tekstar har. Det inneber å vidareutvikle språkforståing og tekstkompetanse gjennom arbeid med eigna tekstar i ulike sjangrar. Deltakarane skal lese for å oppleve, bli engasjerte, undre seg, reflektere og lære. Tekstane skal òg gi innsikt i tankar og livsvilkår hos menneske i ein historisk kontekst og i samtida.
Skriftleg kommunikasjon
Deltakarane skal utvikle skrivekompetanse på norsk for å kommunisere. Skriftleg kommunikasjon handlar om ferdigheiter i tekstbygging, kjennskap til skriftspråklege konvensjonar og evne til å tilpasse tekst til formål og mottakar. Det inneber òg å utvikle ordtilfang og omgrepsapparat og kunnskap om grunnleggjande grammatiske strukturar for å kommunisere skriftleg i relevante og meiningsfulle samanhengar.
Utdanning og arbeidsliv
Deltakarane skal lese, reflektere over og skrive tekstar som er knytte til utdanning og arbeidsliv. Dei skal bli betre kjende med yrkesrelaterte ord og omgrep og styrkje dei kommunikative ferdigheitene sine for bruk i utdanning og arbeidsliv. Vidare skal dei orientere seg i og vurdere informasjon om utdanning og arbeidsliv, og dei skal setje ord på eigne karrieremål og eigen kompetanse.
Språkleg og kulturelt mangfald
Deltakarane skal vidareutvikle den fleirspråklege og fleirkulturelle kompetansen sin og bruke han som ein ressurs i opplæringa. Det inneber å ta i bruk det samla språklege repertoaret sitt i arbeid med faget. Deltakarane skal òg utvikle kunnskap om trekk ved norsk kultur i notid og fortid. Dei samla erfaringane deira frå ulike kulturar kan bidra til å gi perspektiv på samanhengen mellom språk, identitet og kultur.