Vg1 frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign (FBI01‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter kommunikasjon, kunde og arbeidsliv
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- analysere oppdrag og bestillingar frå kundar og bruke opplysningane i arbeidsprosessane
- visualisere eigne idear overfor kundar og samarbeidspartnarar
- utvikle og presentere produkt og tenester
- vurdere og gjere greie for ressursutnytting og kvalitet i produksjon og reflektere over korleis berekraftige val i eige arbeid kan påverke samfunnet og naturen
- bruke ulike kommunikasjonsformer i samhandling med kundar og samarbeidspartnarar
- beskrive og bruke marknadsføring og salsprosessar i samband med produkt og tenester
- berekne pris på produkt og tenester og vurdere lønnsemda i ei bestilling
- anvende strategiar for å møte og meistre forventningar frå kundar og andre
- reflektere over ulike livsfasar, behov, kultur og tradisjonar og bruke dette i kunderettleiing
- vurdere og bruke gjeldande reglar for helse, miljø og sikkerheit i eige praktisk arbeid
- beskrive kva for krav og forventningar som blir stilte til ein profesjonell yrkesutøvar, og reflektere over eigen praksis
- gjere greie for og vurdere korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i kommunikasjon, kunde og arbeidsliv når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire eller alle programfaga. Læraren og elevane skal vere i dialog om elevane si utvikling i kommunikasjon, kunde og arbeidsliv. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og få høve til å reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i kommunikasjon, kunde og arbeidsliv ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i kommunikasjon, kunde og arbeidsliv basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.