Vg1 frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign (FBI01‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg1 frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign handlar om designprosessar, grunnleggjande handverksferdigheiter, eksponering og kommunikasjonsformer som skal oppfylle ønske og behov hos kundane. Gjennom arbeid med materiale, teknikkar og verktøy bidreg programfaga til å utvikle estetisk sans og handlag hos elevane. Vidare handlar programfaga om å analysere trendar i eit historisk perspektiv og bruke digitale verktøy for å møte dei behova kundane har i dagens samfunn og i framtida.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg1 frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign skal bidra til å utdanne framtidas yrkesutøvarar innan handverk, design og eksponering. Gjennom skaparglede, kreativitet og kritisk tenking bidreg programfaga til at elevane utviklar meistring og refleksjon omkring eigen praksis, eigen identitet og eige medvit i eit likeverdig og inkluderande fellesskap. Vg1 frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign skal bidra til kunnskap om korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv.