Vg1 frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign (FBI01‑01)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Produktutvikling og produksjon: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Kommunikasjon, kunde og arbeidsliv: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Produktutvikling og produksjon: Eleven skal ikkje opp til eksamen.
Kommunikasjon, kunde og arbeidsliv: Eleven skal ikkje opp til eksamen.
Eksamen for privatistar
Produktutvikling og produksjon: Privatisten skal opp til éin skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Kommunikasjon, kunde og arbeidsliv: Privatisten skal opp til éin skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Produktutvikling og produksjon og kommunikasjon, kunde og arbeidsliv: Privatisten skal opp til éin tverrfagleg praktisk eksamen i desse felles programfaga. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.