Vg1 frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign (FBI01‑01)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg1 frisør, blomar og eksponeringsdesign inneber å kunne bruke og forstå fagspråk. Vidare handlar det om å lytte til og kommunisere fagleg med kundar, kollegaer og samarbeidspartnarar.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg1 frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign inneber å kunne kommunisere skriftleg gjennom tekst, bilete, illustrasjonar og arbeidsteikningar med kundar og samarbeidspartnarar. Det inneber vidare å kunne bruke fagspråk og tilpasse tekstar til ulike formål, mottakarar og medium og å kunne planleggje, utforme og dokumentere fagleg arbeid.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg1 frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign inneber å kunne hente inn, reflektere over, tolke, forstå og bruke aktuelle fagressursar. Vidare handlar det om å kunne lese og forstå bruksrettleiingar, arbeids- og sikkerheitsinstruksar, arbeidsteikningar og andre yrkesrelevante skildringar med teikn og symbol.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg1 frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign inneber å kunne bruke geometriske former, måleiningar, målestokk, tabellar, økonomi og kostnadsoverslag i eige praktisk arbeid.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg1 frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign inneber å kunne velje og bruke digitale ressursar. Vidare inneber det å kunne bruke digitale ressursar til å utvikle, dokumentere, eksponere og eksperimentere med form, farge og komposisjon. Det inneber òg å kunne vurdere informasjon frå digitale kjelder kritisk, bruke nettvett og utvikle digital dømmekraft.