Vg1 frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign (FBI01‑01)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg1 frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å utvikle identitet og kritisk refleksjon over arbeidsmetodar i ein skapande prosess, både åleine og saman med andre. Vidare handlar det om å utvikle strategiar for å møte og meistre forventningar frå kundar og eit arbeidsmiljø med tydelege tidsfristar. Det handlar òg om refleksjon over korleis ein blir påverka av motar, trendar og visuelle uttrykk.
Berekraftig utvikling
I vg1 frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign handlar det tverrfaglege teamet berekraftig utvikling om å gjere etiske og miljømedvitne val gjennom kunnskap om produkt, materiale, vedlikehald og verktøy og skapande arbeid. Det handlar òg om å forvalte, utnytte og gjenbruke ressursar i produksjon og å reflektere over korleis berekraftig val kan påverke samfunnet og naturen.