Vg1 frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign (FBI01‑01)
Kjerneelement
Produktutvikling
Kjerneelementet produktutvikling handlar om materialkunnskap og analyse og om å ta val i heile prosessen frå idé til ferdig produkt med utgangspunkt i ønska og behova til kunden. Det handlar òg om å eksperimentere med komposisjon, farge, form og funksjonar. Vidare handlar kjerneelementet om ei heilskapleg forståing gjennom refleksjon innanfor tenestene og tilpassinga av produkta til kundane og omgivnadene, og kunnskap om motar, trendar, stilhistorie og ulike kulturar.
Produksjon og handverksferdigheiter
Kjerneelementet produksjon og handverksferdigheiter handlar om å bruke verktøy, maskiner, teknikkar og materiale til produksjon av varer og tenester gjennom arbeid i ein verkstad. Det handlar vidare om å bruke farge, formspråk, funksjonar og relevant teknologi til nyskaping og tilpassing av produkt til rom, personar og anledningar. Kjerneelementet handlar òg om produksjon av varer og tenester innanfor gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit.
Arbeidsliv, kommunikasjon og eksponering
Kjerneelementet arbeidsliv, kommunikasjon og eksponering handlar om å bruke ulike kommunikasjonsformer i samarbeid med medelevar, kundar og lokalt næringsliv. Det handlar om å analysere ønske og bestillingar frå kundar og å vere i dialog med kunden i produksjonsprosessen. Vidare handlar det om forståing og respekt for livssituasjonar, behov, kultur og tradisjonar. Kjerneelementet inneber å bruke aktuell teknologi og visuelle verkemiddel for å utvikle, presentere og eksponere produkt og tenester. Det handlar òg om økonomi, sal, marknadsføring og produksjonsprosessar.