Naturfag FOV (NAT03‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter modul 2
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- utforske og lage spørsmål til observasjonar og bruke enkle tabellar, modellar og figurar til å organisere innsamla data
- gi døme på kvar ein kan finne naturfagleg informasjon
- lese enkel naturfagleg informasjon og reflektere med støtte over truverdet til kjelda
- tolke faremerking av kvardagskjemikaliar og kjenne til korleis dei skal oppbevarast
- utforske og beskrive på ein enkel måte korleis nokre stoffar kan endre seg når dei blir blanda med andre stoff
- gjere forsøk med, samle data om og gi enkle beskrivingar av nokre faste stoff, væsker og gassar
- samtale om vanlege vêrforhold med bakgrunn i eigne erfaringar, og beskrive kretsløpet til vatnet på ein enkel måte
- bruke modellar til å utforske korleis døgn og årstider oppstår
- gi ei enkel beskriving av nokre av organsystema i kroppen og utforske korleis ulike delar i systema verkar saman
- gi døme på vanlege sjukdommar, samtale om kva ein kan gjere for å verne kroppen mot smittsame sjukdommar, og gjere målingar av kroppstemperatur og puls
- samtale om korleis livsstil kan påverke helsa, og gi døme på konsekvensar ved bruk av rusmiddel
- samtale med støtte om grensesetjing og respekt for eigen og andre sin kropp
- gi ei enkel beskriving av hovudtrekka i utviklinga frå befruktning til fødsel
- gjere kort greie for dei mest brukte prevensjonsmidla, seksuelt overførbare sjukdommar og abort
- samanlikne naturen i nærområdet med andre naturområde, med utgangspunkt i eigne erfaringar
- skrive og fortelje om eigne erfaringar med naturen
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Deltakarane viser og utviklar kompetanse i naturfag modul 2 når dei bruker bilete og andre modellar til å gi enkle beskrivingar av nokre grunnleggjande samanhengar i naturfag. Dei viser og utviklar kompetanse òg i samtale med støtte om grunnleggjande aspekt ved reproduksjonen, grensesetjinga og helsa til menneskja, og når dei kategoriserer nokre stoff etter observerbare eigenskapar. Deltakarane viser kompetanse i naturfag når dei bruker erfaringane sine og fleirspråklegheita si som ressurs i eige læringsarbeid.
Læraren skal leggje til rette for deltakarmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å bruke varierte vurderingsformer og ta utgangspunkt i deltakarene sine erfaringar, ressursar og førkunnskapar i læringsarbeidet. Læraren og deltakarane skal vere i dialog om utviklinga til deltakarane i naturfag. Deltakarane skal få moglegheit til å setje ord på kva dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege og språklege utvikling. Dei skal få informasjon om kva som er forventa av dei, og korleis dei kan arbeide vidare for å nå måla sine for opplæringa. Læraren skal bruke undervegsvurderinga til å tilpasse den vidare opplæringa. Undervegsvurderinga skal bidra til at deltakarane bruker kompetansane sine, erfaringar og språklege ressursar til å utforske og prøve seg fram i vidare læring.