Naturfag FOV (NAT03‑01)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i naturfag er å kunne kommunisere munnleg om naturfaglege tema i opplæringa og i situasjonar i kvardags- og arbeidslivet. Det inneber å dele og utvikle naturfagleg kunnskap og stille naturfaglege spørsmål basert på observasjonar, erfaringar og fagleg informasjon. Det inneber òg å bruke naturfaglege omgrep for å beskrive, forklare og reflektere over naturfagleg innhald, og for å grunngi eigne haldningar og val, gjerne med støtte i andre språk deltakarane kan.
Utviklinga av munnlege ferdigheiter i naturfag går frå å kunne lytte, setje ord på og samtale om opplevingar og observasjonar til å kunne presentere og diskutere stadig meir komplekse samanhengar i faget og å kunne nytte seg av eit stadig meir presist naturfagleg språk.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i naturfag er å kunne formulere spørsmål til observasjonar og skrive eller skissere naturfaglege forklaringar etter modelltekstar. Det inneber å kunne uttrykkje seg forståeleg i ord og bilete, både i formidling til andre og i eigen læringsprosess. Å kunne skrive i naturfag er òg å kunne gi enkle beskrivingar av observasjonar, erfaringar og eigne synspunkt og delta i språkleg samhandling med støtte i eige og andre sitt førstespråk.
Utviklinga av skriveferdigheiter i naturfag går frå å bruke teikningar og enkle tekstar til å uttrykkje seg med eit stadig meir presist naturfagleg språk, inkludert bruk av figurar og symbol. Dette inneber å kunne skrive stadig meir komplekse tekstar og nytte ulike teksttypar og visualiseringsmodellar i kommunikasjon og problemløysing i opplæring, arbeidsliv og samfunnsliv.
Å kunne lese
Å kunne lese i naturfag er å kunne forstå naturfaglege omgrep, symbol og figurar i naturfaglege tekstar i opplæringa og frå kvardagslivet og arbeidslivet. Lesing i naturfag inneber òg å finne informasjon frå ulike teksttypar og kjelder og å identifisere relevant innhald. Det inneber mellom anna å lese og tolke faremerking og instruksjonar. Med utgangspunkt i eigne erfaringar og fleirspråklege ressursar skal deltakarane kunne bruke lesing av tekstar til å tileigne seg kunnskapar og omgrepsforståing.
Utviklinga av å lese i naturfag går frå å finne og bruke informasjon i enkle tekstar og illustrasjonar til å tolke og reflektere over naturfaglege tekstar med stadig fleire fagomgrep, symbol, figurar og tabellar i opplæring, arbeidsliv og samfunnsliv.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i naturfag er å kunne hente inn, omarbeide, tolke og framstille relevant talmateriale. Rekning i naturfag inneber å bruke relevante omgrep og velje passande måleinstrument og måleiningar i arbeid med å løyse naturfaglege problemstillingar. Rekning i naturfag er òg å kunne samanlikne og vurdere berekningar, resultat og framstillingar, og tolke og reflektere over informasjon som inneheld tal, storleikar, tabellar, diagram, grafar og figurar. I møte med rekning i naturfag skal deltakarane dra nytte av den fleirspråklege kompetansen sin og sine eigne erfaringar med rekning og måling.
Utviklinga av å rekne i naturfag går frå å bruke enkle metodar for å telje opp, sortere og klassifisere til å kunne reflektere over val av metodar, omgrep og måleinstrument og vurdere resultat og informasjon kritisk.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i naturfag er å kunne bruke digitale ressursar til å utforske, registrere og presentere data frå observasjonar, feltarbeid og eigne og andre sine studiar. Digitale ferdigheiter er å bruke søkjeverktøy, meistre søkjestrategiar og finne og vurdere relevant informasjon om naturfaglege emne. Det er òg å kunne nytte seg av digitale ressursar og kjelder i utviklinga av eiga forståing av naturfaglege konsept, og i kommunikasjon med andre. Digitale ferdigheiter er å kunne orientere seg på digitale plattformer knytte til eigen livs- og helsesituasjon, og å nytte seg av fleirspråklege digitale kjelder og ressursar i arbeid med omgrepslæring og naturfagleg kunnskapsutvikling.
Utviklinga av digitale ferdigheiter i naturfag går frå å kunne bruke enkle digitale ressursar, måleinstrument og tekstbehandlingsprogram til i aukande grad å kunne arbeide sjølvstendig med digitale naturfaglege kjelder, bruke ulike digitale framstillingsmetodar i eige arbeid og vise dømmekraft i val og bruk av digitale kjelder.