Naturfag FOV (NAT03‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter modul 3

  • stille spørsmål om og utforske naturfaglege fenomen, samle data og presentere resultat og identifisere eventuelle feilkjelder
  • gi døme på HMS-krav knytte til dagleglivet og arbeidslivet og samanlikne døma med eigne erfaringar
  • samtale om teknologi og oppfinningar, og beskrive og utforske samanhengen mellom form, materiale og funksjon
  • samtale om kva energi er, beskrive og samanlikne fornybare og ikkje-fornybare energikjelder og gi døme på ulike energikjeder
  • utforske enkle teknologiske system som bruker elektrisk energi, og samtale med støtte om bruk av og sikkerheit knytt til elektrisk energi
  • kjenne att, observere og beskrive levande og ikkje-levande faktorar i eit naturområde og reflektere over samspelet og tilpassinga mellom dei
  • utforske og beskrive ulike næringskjeder
  • samle data om, utforske og beskrive likskapar og forskjellar mellom ulike artar, og sortere artane etter felles eigenskapar
  • beskrive korleis alle organismar er bygde opp av celler, og gi døme på nokre oppgåver cellene har
  • gi døme på korleis menneskeleg aktivitet påverkar eit naturområde, og føreslå tiltak som sørgjer for ei berekraftig utvikling
  • samtale om avfallshandtering i eit lokalt og globalt perspektiv og gi døme på korleis forureining kan påverke små og store kretsløp
  • skrive naturfaglege tekstar om observasjonar og erfaringar, med støtte i modelltekstar

Undervegsvurdering