Naturfag FOV (NAT03‑01)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I naturfag handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å styrkje deltakarane sine føresetnader for å vareta eigen og andre si fysiske og psykiske helse, og det handlar om å utvikle forståing av kva naturen betyr for folkehelsa. Deltakarane skal forhalde seg kritisk til helserelatert informasjon og bruke han til å ta gode og ansvarlege val knytte til helse, miljø og sikkerheit i både kvardagslivet, familielivet og arbeidslivet. Livsmeistringskompetansen til deltakarane skal brukast aktivt i opplæringa.
Demokrati og medborgarskap
I naturfag handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om at deltakarane skal få grunnlag for å skilje mellom vitskapleg basert kunnskap og kunnskap som ikkje er basert på vitskap. Naturfag skal samtidig bidra til openheit for erfaringsbasert og tradisjonell kunnskap om naturen. Kompetanse i naturfag gir grunnlag for å vere ein aktiv medborgar og å forstå og vere kritisk til argumentasjonen i samfunnsdebatten. Gjennom å utvikle det naturfaglege omgrepsapparatet til deltakarane legg faget til rette for at deltakarane kan delta i utdanning, arbeidsliv og samfunnsliv.
Berekraftig utvikling
I naturfag handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om at deltakarane skal vidareutvikle kompetanse til å gjere miljøbevisste val og handlingar, og at dei skal sjå desse i samanheng med lokale og globale miljø- og klimautfordringar. Kunnskap om samanhengar i naturen er nødvendig for å forstå korleis vi menneske er med på å påverke han. I møte med naturfagleg kunnskap dannar den kulturelle kompetansen og naturerfaringa deltakarane har, eit verdifullt grunnlag som kan bidra til å finne løysingar for å avgrense klimautfordringane, bevare biologisk mangfald og forvalte naturressursane på jorda på ein berekraftig måte.