Naturfag FOV (NAT03‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Naturfag er eit sentralt fag for å forstå korleis den fysiske verda vår er bygd opp. Faget skal gi deltakarane eit fagleg grunnlag for å bruke og verne om naturressursar og biologisk mangfald og for å gjere val som fører til berekraftig utvikling. Naturfag skal òg gi deltakarane kompetanse til å ta vare på eiga og andre si helse. Gjennom å få utforske naturfagleg språk og naturfaglege metodar, praksisar og tenkjemåtar sjølve kan deltakarane få ei betre forståing av korleis naturfagleg kunnskap blir brukt og utvikla i samfunnet. Kunnskap om samspelet mellom natur, individ, teknologi og samfunn skal styrkje deltakarane sine føresetnader for å tenkje kritisk, gjere bevisste val, finne løysingar og bruke stadig ny teknologi i møte med utfordringar i familielivet, arbeidslivet og samfunnslivet.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Naturfag skal bidra til undring, engasjement og nytenking hos deltakarane ved at dei får arbeide praktisk og utforskande med faget. Naturfag skal leggje til rette for at kompetansen, erfaringane og dei fleirspråklege ressursane til deltakarane blir anerkjende og kan brukast aktivt i opplæring og vurdering.