Naturfag FOV (NAT03‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter modul 4

  • samtale om kva som kjenneteiknar naturvitskapleg kunnskap, og reflektere over korleis ny kunnskap blir utvikla gjennom samarbeid og kritisk tilnærming til eksisterande kunnskap
  • utforske og gi døme på korleis teknologi kan løyse utfordringar, skape moglegheiter og føre til nye dilemma
  • samtale om korleis energiproduksjon og energibruk kan påverke miljøet lokalt og globalt
  • forklare drivhuseffekten og samtale om faktorar som kan forårsake globale klimaendringar
  • bruke atommodellar og periodesystemet til å gjere greie for eigenskapar til nokre grunnstoff og kjemiske forbindelsar
  • beskrive hovudtrekk ved fotosyntese og celleanding og reflektere over kvifor det er viktig for livet på jorda
  • samtale om korleis pusten, fordøyinga og blodet jobbar saman gjennom celleanding for å opprettehalde dei vitale funksjonane i kroppen
  • beskrive hovudtrekk ved evolusjonsteorien og knyte det til naturvitskapleg metode
  • beskrive sentrale trekk ved immunforsvaret til kroppen, forklare korleis vaksinar verkar, og reflektere over kva vaksinar betyr for folkehelsa
  • gjere greie for fysiske og psykiske forandringar som er sentrale i ulike livsfasar, og samtale om korleis desse forandringane kan påverke oss menneske
  • samtale om grensesetjing, forståing og respekt knytt til seksualitet, prevensjonsmiddel og abort, og grunngi eigne synspunkt
  • gi døme på og reflektere over korleis rus, legemiddel, miljøgifter og kosthald påverkar kroppen
  • bruke naturfagleg kunnskap i samtalar om eit sjølvvalt samfunnsaktuelt tema

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering