Vg2 service, sikkerheit og administrasjon (SSH02‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter administrasjon og berekraftig drift

  • utforske og presentere ei sjølvvald verksemd som vektlegg innovasjon og nyskaping, og drøfte kva dette har å seie i utviklinga av verksemda
  • gjere greie for ulike typar lønn og berekne lønnskostnader
  • forstå og presentere ein enkel rekneskap, setje opp eit likviditets- og resultatbudsjett og kommentere avvik mellom budsjett og rekneskap
  • vurdere inntektsgrunnlaget til ei verksemd og kva faktorar som påverkar lønnsemd og berekraft
  • planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere eit lokalt arrangement med omsyn til lønnsemd og berekraftig utvikling
  • reflektere over kva faktorar som påverkar arbeidsmiljøet i ei verksemd, og drøfte ulike tiltak som kan betre det
  • gjere greie for ulike administrative rutinar og vurdere tiltak som kan betre rutinane
  • gjere greie for ulike system for å handtere, stille saman og finne att dokument, og bruke eigna verktøy for dette
  • utforske og drøfte korleis verksemder profilerer seg i ulike medium
  • utarbeide innhald til ulike planar, rapportar og dokument og tilpasse innhaldet til ulike mottakarar
  • beskrive ulike typar svinn, reflektere over konsekvensane av svinn og foreslå tiltak for å førebyggje svinn
  • koordinere og hjelpe til i saksbehandling og ulike administrative prosessar
  • drøfte kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap, og beskrive kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har i arbeidslivet

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering