Vg2 service, sikkerheit og administrasjon (SSH02‑01)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Sikkerheit: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Administrasjon og berekraftig drift: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Kommunikasjon og yrkesutøving: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Sikkerheit, administrasjon og berekraftig drift og kommunikasjon og yrkesutøving: Eleven skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.
Eksamen for privatistar
Sikkerheit: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Administrasjon og berekraftig drift: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Kommunikasjon og yrkesutøving: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Sikkerheit, administrasjon og berekraftig drift og kommunikasjon og yrkesutøving: Privatisten skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen i desse felles programfaga. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.