Vg2 service, sikkerheit og administrasjon (SSH02‑01)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg2 service, sikkerheit og administrasjon handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å byggje profesjonelle relasjonar i kommunikasjon og samhandling med ulike menneske. I dette ligg det å kunne handsame reaksjonar, setje grenser og respektere andre sine grenser i ulike relasjonar og arbeidssituasjonar. Vidare handlar det om å utvikle kunnskap om rus, forståing for ulike livssituasjonar og respekt for ulike grupper, fellesskap og kulturar i arbeidet. Folkehelse og livsmeistring handlar òg om å sikre god fysisk og psykisk helse i løpet av arbeidsdagen gjennom kunnskap om helse, miljø og sikkerheit.
Demokrati og medborgarskap
I vg2 service, sikkerheit og administrasjon handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å sikre at verdiane og spelereglane i demokratiet blir tatt vare på i sikkerheitsarbeidet og i administrativt arbeid. Gjennom konfliktførebygging, beredskap og risikovurdering av samfunnssikkerheita skal faget bidra inn i det sivile samfunn. Elevane skal gjennom refleksjon og utforsking øve opp evna til å tenke kritisk, lære seg å handtere meiningsbrytingar og respektere ueinigheit. Vidare skal elevane reflektere over ulike maktforhold i møte med andre menneske og korleis utøve yrkesrolla i tråd med demokratiske prinsipp. Demokrati og medborgarskap handlar vidare om å delta aktivt i arbeidslivet og om arbeidsgivaren og arbeidstakaren sine rettar og plikter.
Berekraftig utvikling
I vg2 service, sikkerheit og administrasjon handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å ta ansvarlege, etiske og miljøbevisste val i formidlinga og utføringa av ulike arbeidsoppgåver. Vidare handlar det om å bruke ressursar effektivt og med vekt på berekraft for å unngå tap av verdiar og belastningar på klima og miljø.