Vg2 service, sikkerheit og administrasjon (SSH02‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter kommunikasjon og yrkesutøving
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utforske kva yrkesetikk og verksemdskultur har å seie i utvalde bransjar innanfor administrasjon, service og sikkerheit
- reflektere over forventningar til tilsette i sikkerheits-, administrasjons- og servicestilingar
- utforske korleis kultur, verdiar og haldningar påverkar kommunikasjon mellom menneske, og reflektere over korleis ein kan ta omsyn til dette i ulike arbeidssituasjonar
- gjere greie for servicerolla og utforske korleis utøvinga av servicerolla må tilpassast ulike mottakarar i ulike situasjonar, og korleis måten rolla blir utøvd på, kan påverke omdømmet til verksemder
- møte behov på ein profesjonell og sjølvstendig måte og utvikle løysingar som dekkjer behova
- reflektere over etiske dilemma som kan oppstå i ein arbeidssituasjon, og foreslå moglege løysingar og førebyggjande tiltak
- presentere samanhengen mellom ekstern, intern og interaktiv marknadsføring og forstå servicemedarbeidaren si rolle i dette
- utarbeide og presentere informasjon tilpassa ulike målgrupper og bruke eigna kommunikasjonsverktøy
- utforske tiltak som kan førebyggje konflikt, og bruke ulike metodar for konflikthandtering
- utforske og gjere greie for aktuelle lover som regulerer yrkesutøvinga
- drøfte og forstå korleis verdiane og spelereglane i demokratiet regulerer yrkesutøvinga i sikkerheitsarbeidet og i administrativt arbeid
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i programfaget kommunikasjon og yrkesutøving når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i programfaget kommunikasjon og yrkesutøving. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i programfaget kommunikasjon og yrkesutøving ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i programfaget kommunikasjon og yrkesutøving basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.