Vg2 service, sikkerheit og administrasjon (SSH02‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter sikkerheit
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- gjere greie for arbeidsområda, tenestene og produkta til vaktverksemdsbransjen og vurdere desse med utgangspunkt i sikkerheitsbehova i samfunnet
- planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere eit lokalt arrangement med omsyn til sikkerheit
- utforske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet i ei verksemd og gjere greie for dei ulike rollene dei tilsette har i dette arbeidet
- utforske kva sikkerheit og personvern har å seie, og følgje rutinar for sikkerheit og personvern i informasjons- og kommunikasjonsteknologi
- drøfte ulike trusselbilete for verksemder og for samfunnet
- gjere greie for ulike former for risikovurdering og utarbeide ein enkel risikoanalyse med forslag til tiltak
- utforske, forstå og bruke ein beredskapsplan
- gjere greie for brannteori og planleggje, gjennomføre og evaluere ei brannøving
- utføre livreddande førstehjelp, ta ansvar for ein skadestad og reflektere over kva eiga framferd har å seie
- gjere greie for symptom på å vere ruspåverka og drøfte korleis ruspåverknad, kan gå ut over sikkerheita i ulike situasjonar
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i programfaget sikkerheit når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i programfaget sikkerheit. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i programfaget sikkerheit ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i programfaget sikkerheit basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.