Vg2 service, sikkerheit og administrasjon (SSH02‑01)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg2 service, sikkerheit og administrasjon inneber å kunne kommunisere med kollegaer og menneske frå ulike kulturar og i ulike livssituasjonar. Dette inneber å tilpasse sitt eige språk til mottakaren og situasjonen og å lytte til og vise respekt for den som snakkar. Vidare inneber det å kunne bruke relevante faguttrykk og sikre at informasjonen ikkje berre blir gitt, men òg forstått av mottakaren.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg2 service, sikkerheit og administrasjon inneber å kunne dokumentere, omarbeide og utveksle relevante opplysingar og relevant informasjon. Vidare inneber det å kommunisere skriftleg og profesjonelt med ulike mottakarar og å utarbeide planar, rapportar og dokumentasjon i tråd med gjeldande krav.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg2 service, sikkerheit og administrasjon inneber å kunne finne, forstå, tolke og vurdere informasjon. Det inneber òg å kjenne til og bruke relevant fagspråk i yrkesutøvinga og å vere kjeldekritisk.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg2 service, sikkerheit og administrasjon inneber å kunne hente inn, omarbeide, analysere og vurdere talmateriale og presentere desse i relevante oppsett. Vidare inneber det å kunne lese rekneskapar, bruke budsjett og å utføre økonomiske berekningar.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg2 service, sikkerheit og administrasjon inneber å kunne hente inn, registrere, lagre og bruke informasjon. Dette inneber å kunne handtere personopplysningar og vurdere etiske spørsmål knytte til personvern og opphavsrett. Vidare handlar digitale ferdigheiter om å vise digital dømmekraft i arbeidet og vurdere kjelder kritisk. Digitale ferdigheiter handlar òg om å kunne bruke digitale verktøy i tråd med den teknologiske utviklinga både i eige og i tverrfagleg arbeid.