Vg2 service, sikkerheit og administrasjon (SSH02‑01)
Kjerneelement
Sikkerheit og beredskap
Kjerneelementet sikkerheit og beredskap handlar om å skape tillit og sikkerheit i relasjonar og i samhandling med ulike servicemottakarar. Dette inneber å ha kunnskap om ulike identitetar og gruppefellesskap og om å bruke passande kommunikasjonsmetodar for å møte desse servicemottakarane på ein profesjonell og respektfull måte. Vidare handlar kjerneelementet om å vurdere og redusere risiko, bruke beredskapsplanar og følgje rutinar for sikkerheit og personvern i informasjons- og kommunikasjonsteknologi for å førebyggje uønskte hendingar.
Drift og berekraftig utvikling
Kjerneelementet drift og berekraftig utvikling handlar om å utføre oppgåver som støttar ei berekraftig utvikling, styring og drift av verksemder. Dette inneber å handtere dokument, assistere i administrative prosessar og utføre oppgåver knytte til økonomi, lønn og rekneskap. Vidare inneber det å utnytte ressursar effektivt, følgje etiske retningslinjer og drøfte regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet.
Service og kommunikasjon
Kjerneelementet service og kommunikasjon handlar om korleis kommunikasjonen i og utøvinga av servicerolla skal tilpassast ulike servicemottakarar, kollegaer og bransjar innanfor administrasjon, service og sikkerheit. Vidare handlar det om å møte behov på ein profesjonell og sjølvstendig måte og om å utvikle løysingar som dekkjer behova. I dette ligg det å hente inn og omarbeide informasjon og å velje passande verktøy, kanal og form for formidling til ulike målgrupper.