Vg3 fotterapi (FOT03‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter helse, funksjon og bevegelse
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- gjere greie for den funksjonelle anatomien og for sjukdommar, deformitetar og skadar som kan ha innverknad på aktivitetsnivået til den enkelte
- førebyggje og behandle fotlidingar som kjem av sjukdommar og livsstil
- vurdere helsetilstanden på huda og føtene til pasientar og brukarar og tilrå vidare behandling eller vise til anna helsepersonell
- gjere greie for etiologiske faktorar i sko og vurdere korleis desse påverkar bevegelsesevna til brukarar og pasientar
- planleggje og gjennomføre biomekaniske og terapeutiske behandlingar med vekt på etiologi og drøfte ulike behandlingsalternativ med samarbeidspartnarar
- gjere greie for korleis fottøy er bygd opp og fungerer, og rettleie om korleis bruk av riktig fottøy påverkar aktivitetsnivået
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i helse, funksjon og bevegelse når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i helse, funksjon og bevegelse. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i helse, funksjon og bevegelse ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i helse, funksjon og bevegelse basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.