Vg3 fotterapi (FOT03‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter kommunikasjon og samhandling
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- kommunisere og samhandle med kollegaer og anna helsepersonell om fothelse
- rettleie og gi råd om behandlingsalternativ for å halde oppe og betre fothelsa
- informere og rettleie om korleis bruk av solar, avlastingar og fottøy påverkar gangmønsteret
- handtere konfliktar og etiske dilemma på arbeidsplassen
- bruke faglitteratur og utøve kjeldekritikk
- marknadsføre fotterapifaget og eigen praksis på ein profesjonell måte
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i kommunikasjon og samhandling når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i kommunikasjon og samhandling. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i kommunikasjon og samhandling ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i kommunikasjon og samhandling basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.