Vg3 fotterapi (FOT03‑03)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg3 fotterapi handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å forstå kor mykje rørsleevna har å seie for den einskildes livskvalitet. Det handlar òg om faktorar som påverkar fothelsa, og som stimulerer til fysisk aktivitet.
Demokrati og medborgarskap
I vg3 fotterapi handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om retten den enkelte brukaren og pasienten har til likeverdig og tilrettelagd behandling, og om å vise respekt for ulikskap. Det handlar om å tenkje kritisk, handtere meiningsbrytningar og å respektere usemje. Vidare handlar det om korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv og om arbeidsgjevaren og arbeidstakaren sine rettar og pliktar.
Berekraftig utvikling
I vg3 fotterapi handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å ta omsyn til miljø og økonomi ved val av materiell og metodar i behandlinga. Det handlar òg om korleis teknologien kan effektivisere arbeidsprosessar. Gjenbruk og reparasjon av materiale og maskiner inngår òg.