Vg3 fotterapi (FOT03‑03)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter yrkesliv i fotterapifaget

  • planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere behandling av fot-, hud- og naglelidingar
  • bruke materiale, utstyr og tekniske og digitale hjelpemiddel i tråd med gjeldande regelverk
  • utforske korleis vedlikehald, gjenbruk og reparasjon av materiale og maskiner kan inngå i yrkesutøvinga
  • kartleggje og vurdere samanhengen mellom symptom på, årsaker til og behandling av fotlidingar
  • utføre ledd-, muskel- og føringstestar og gjere greie for konsekvensane ved avvik frå normalfunksjonen
  • observere og vurdere gonge med og utan sko og utføre skotest
  • utføre protetikk og reguleringsteknikkar for negler
  • vurdere hud- og nagleendringar og skorelaterte fotlidingar og tilrå behandling
  • kartleggje og vurdere risiko for smitte og gjennomføre smitteverntiltak
  • reflektere over og forbetre eigen praksis
  • arbeide i tråd med etiske retningslinjer, prinsipp for universell utforming og gjeldande reglar for helse, miljø og sikkerheit
  • utarbeide budsjett, kalkulere pris for tenester og berekne materialkostnader
  • planleggje etablering og drift av eiga verksemd i samsvar med god forretningsskikk og gjeldande lovverk
  • føre journal og samhandle med helsepersonell og brukarar ved bruk av elektroniske journalsystem, og vise digital dømmekraft
  • følgje opp eigne rettar og plikter i arbeidsforholdet og gjere greie for korleis partane i arbeidslivet utfører samfunnsrolla si i den norske modellen

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering