Vg3 fotterapi (FOT03‑03)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Helse, funksjon og bevegelse: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Kommunikasjon og samhandling: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Yrkesliv i fotterapifaget: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Helse, funksjon og bevegelse, kommunikasjon og samhandling og yrkesliv i fotterapifaget: Eleven skal opp til i ein tverrfagleg praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.
Eksamen for privatistar
Helse, funksjon og bevegelse: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Kommunikasjon og samhandling: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Yrkesliv i fotterapifaget: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Helse, funksjon og bevegelse, kommunikasjon og samhandling og yrkesliv i fotterapifaget: Privatisten skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen i desse felles programfaga. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.