Vg3 fotterapi (FOT03‑03)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 fotterapi handlar om å dekkje det behovet samfunnet har for yrkesutøvarar som kan fremje fothelse og førebyggje problem og smerter knytte til underekstremitetane. Programfaga handlar om ulike metodar for å kartleggje funksjon og mobilitet og om å planleggje, gjennomføre og dokumentere behandlingar. Dei handlar òg om å arbeide for ei sunn fothelse, å førebyggje belastningsskadar og skorelaterte fotproblem og å stimulere til fysisk aktivitet. Programfaga skal bidra til å utvikle sjølvstendige og omstillingsdyktige fotterapeutar som kan tilpasse seg framtidige behov for kompetanse i arbeidslivet.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 fotterapi skal bidra til likeverdige tenester og gode brukaropplevingar. Programfaga skal bidra til å utvikle fotterapeutar som viser toleranse og respekt for alle pasientar og brukarar. Det handlar òg om brukarmedverknad og valfridom i behandlinga. Programfaga skal vidare bidra til å utvikle respekt for etablert kunnskap og stimulere til å tenkje nytt i yrkesutøvinga.