Vg3 fotterapi (FOT03‑03)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg3 fotterapi inneber å reflektere over faglege emne og prosessar og formidle dette til andre. Vidare inneber det å bruke fagterminologi og å kommunisere og samhandle med brukarar og helsepersonell. Det inneber òg å halde presentasjonar tilpassa mottakar og formål og marknadsføre eigen praksis.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg3 fotterapi inneber å føre journal, dokumentere arbeid og marknadsføre eiga bedrift. Det inneber òg å skrive pasientnotat, epikrisar og tilvisingar til anna helsepersonell. Vidare inneber det å gi råd og rettleiing skriftleg i samband med behandling og å skrive fagtekstar til fagblad eller tidsskrift.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg3 fotterapi inneber å setje seg inn i og tolke budsjett og prisoverslag og å forstå faglitteratur, lovverk, produktbeskrivingar, datablad, journalar og tilvisingar frå helsepersonell.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg3 fotterapi inneber å utarbeide budsjett og prisoverslag for å kunne etablere og drifte eiga verksemd. Vidare inneber det å kalkulere pris for tenester og å berekne materialkostnader.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg3 fotterapi inneber å bruke digitale ressursar for å finne, behandle og dokumentere informasjon om faget og kritisk vurdere dei kjeldene ein bruker. Vidare inneber det å bruke digitale ressursar som verktøy i eige arbeid og ved tverrfagleg samarbeid. Å samhandle med helsepersonell og brukarar ved bruk av elektroniske journalsystem og å vise digital dømmekraft inngår òg.