Vg3 fotterapi (FOT03‑03)
Kjerneelement
Funksjonell anatomi, fottøy og mobilitet
Kjerneelementet funksjonell anatomi, fottøy og mobilitet handlar om samanhengen mellom fothelse, fottøy, bevegelsesevne og livskvalitet. Det handlar òg om å bruke ulike metodar for å avdekkje årsaker og symptom og å identifisere avvik i underekstremitetane og ganglaget. Sentralt står biomekaniske prinsipp og korleis fottøy påverkar det gåande mennesket. Kjerneelementet handlar vidare om kartlegging og vurdering av individuelle behov for avlasting, øvingar og behandling. Å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere behandling av fot-, hud- og neglelidingar inngår òg.
Brukarrettleiing og samarbeid
Kjerneelementet brukarrettleiing og samarbeid handlar om kommunikasjon og samhandling med brukarar, pasientar, pårørande, kollegaer og anna helsepersonell. Det handlar òg om å forstå behova til brukarane og pasientane og å motivere desse til å gjere nødvendige endringar for å betre fothelsa.
Brukar, etikk og teknologi
Kjerneelementet brukar, etikk og teknologi handlar om brukarmedverknad og yrkesetiske retningslinjer. Det handlar òg om å finne årsaker til og symptom på uspesifikke problem i hofter, kne og føter og om å behandle fotproblem ved hjelp av tekniske hjelpemiddel og anna utstyr. Vidare handlar det om å fange opp teknologiske endringar i faget. Å reflektere over eigen praksis inngår òg.
Lover, reglar og entreprenørskap
Kjerneelementet lover, reglar og entreprenørskap handlar om å følgje regelverk for fotterapeutar. Vidare handlar det om å etablere si eiga bedrift og utvikle verksemda i samsvar med god forretningsskikk og gjeldande lovverk. Helse, miljø og sikkerheit i arbeidet og smittevern inngår òg.