Norsk (NOR01‑06)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter vg3 påbygging til generell studiekompetanse
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- lese norrøne tekstar i omsetjing og samanlikne dei med tekstar frå nyare tid
- lese og tolke tekstar frå 1500 til 1850 i kulturhistorisk kontekst og drøfte korleis dei er relevante i dag
- utforske og reflektere over korleis tekstar frå romantikken og nasjonalromantikken framstiller menneske, natur og samfunn, og samanlikne med tekstar frå nyare tid
- reflektere over sakprosatekstar og gjere greie for den retoriske situasjonen dei er blitt til i
- skrive fagartiklar som gjer greie for og drøftar tekstar i kontekst
- bruke tilbakemeldingar og kunnskap om språk, tekst og sjanger til å utvikle eigne tekstar
- bruke fagkunnskap og retoriske ferdigheiter i norskfaglege diskusjonar og presentasjonar
- bruke fagspråk til å beskrive særtrekk ved norsk samanlikna med svensk, dansk og norrønt
- gjere greie for den historiske bakgrunnen for språksituasjonen i Noreg i dag
- analysere og tolke romanar, noveller, drama, lyrikk og sakprosa på bokmål og nynorsk frå 1850 til i dag og reflektere over tekstane i lys av den kulturhistoriske konteksten og elevane si eiga samtid
- utforske og reflektere over korleis tekstar frå den realistiske og den modernistiske tradisjonen framstiller menneske, natur og samfunn
- skrive essay som utforskar og reflekterer over innhald i tekstar
- skrive litterære tolkingar og samanlikningar
- analysere uttrykksformer i samansette tekstar i ulike medium og vurdere samspelet mellom dei
- bruke fagkunnskap og presist fagspråk i utforskande samtalar, diskusjonar og munnlege presentasjonar om norskfaglege emne
- skrive retoriske analysar og tolkingar av sakprosatekstar
- meistre språklege formkrav på hovudmål og sidemål og skrive tekstar med etterretteleg kjeldebruk og eit presist og nyansert språk
- orientere seg i faglitteratur, vurdere kjelder kritisk og skrive fagartiklar som greier ut om og drøftar norskfaglege emne
- gjere greie for endringar i talespråk i Noreg i dag og reflektere over samanhengar mellom språk, kultur og identitet
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i norsk på vg3 påbygging til generell studiekompetanse når dei analyserer, tolkar og samanliknar tekstar og utforskar kontekstane til tekstane. Elevane viser og utviklar òg kompetanse når dei produserer kortare og lengre tekstar i ulike sjangrar, for ulike formål og mottakarar, og når dei arbeider vidare med eigne tekstar. Vidare viser og utviklar dei kompetanse når dei reflekterer over språk og tekst ved bruk av fagspråk, uttrykkjer seg presist og nyansert munnleg og skriftleg og meistrar språklege formkrav på hovudmål og sidemål.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får utforske faglege problemstillingar og arbeide kreativt for å finne svar på desse. Læraren skal leggje til rette for at elevane utviklar uthald i større arbeid, anten det gjeld lesing av lengre tekstar eller utforskande arbeid med faglege problemstillingar. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga elevane viser i norsk munnleg og i skriftleg hovudmål og sidemål. Elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å vidareutvikle munnleg og skriftleg kompetanse i faget.
I halvårsvurderinga skal læraren gi like mange karakterar som i standpunktvurderinga.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i norsk ved avsluttinga av opplæringa i norsk etter vg3 påbygging til generell studiekompetanse. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane får vist kompetansen sin på måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i norsk munnleg basert på kompetansen eleven har vist når eleven har kommunisert fagleg innhald munnleg. Læraren skal setje karakter i norsk skriftleg hovudmål og norsk skriftleg sidemål basert på kompetansen eleven har vist i eit breitt utval elevtekstar i ulike sjangrar. I vurderinga av norsk skriftleg sidemål skal læraren ta omsyn til at elevane har hatt lengre tid med formell opplæring i hovudmål enn i sidemål.