Norsk (NOR01‑06)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 10. trinn

  • lese skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språk, og reflektere over formål, innhald, sjangertrekk og verkemiddel i tekstane
  • samanlikne og tolke romanar, noveller, lyrikk og andre tekstar ut frå historisk kontekst og eiga samtid
  • beskrive og reflektere over eigen bruk av lesestrategiar i lesing av skjønnlitteratur og sakprosa
  • lytte til og lese tekstar på svensk og dansk og gjere greie for innhald og språklege trekk
  • utforske og reflektere over korleis tekstar framstiller livssituasjonen til unge
  • kjenne att og bruke språklege verkemiddel og retoriske appellformer
  • bruke kjelder på ein kritisk måte, markere sitat og vise til kjelder på ein etterretteleg måte i eigne tekstar
  • utforske og vurdere korleis digitale medium påverkar og endrar språk og kommunikasjon
  • bruke fagspråk og argumentere sakleg i diskusjonar, samtalar, munnlege presentasjonar og skriftlege framstillingar om norskfaglege og tverrfaglege tema
  • informere, fortelje, argumentere og reflektere i ulike munnlege og skriftlege sjangrar og for ulike formål tilpassa mottakar og medium
  • skrive tekstar med funksjonell tekstbinding og riktig teiknsetjing og meistre rettskriving og ordbøying på hovudmål og sidemål
  • bruke fagspråk og kunnskap om grammatikk, tekststruktur og sjanger i samtale om og vidare arbeid med tekstar
  • uttrykkje seg i ulike sjangrar og eksperimentere med sjangrar på kreative måtar
  • lage samansette tekstar og grunngi val av uttrykksformer
  • forklare den historiske bakgrunnen for bokmål og nynorsk og reflektere over statusen til dei offisielle språka i Noreg i dag
  • utforske språkleg variasjon og mangfald i Noreg og reflektere over haldningar til ulike språk og talespråkvariantar

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering