Norsk (NOR01‑06)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 7. trinn

  • lese lyrikk, noveller, fagtekstar og annan skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk, svensk og dansk og samtale om formål, form og innhald
  • lese samiske tekstar på norsk og samtale om verdiane som kjem til uttrykk, og korleis stadnamn og personnamn som inneheld dei samiske bokstavane, blir uttalte
  • orientere seg i faglege kjelder på bibliotek og digitalt, vurdere kor pålitelege kjeldene er, og vise til kjelder i eigne tekstar
  • bruke lesestrategiar tilpassa formålet med lesinga
  • skrive tekstar med funksjonell handskrift og med flyt på tastatur
  • lytte til og vidareutvikle innspel frå andre og grunngi eigne standpunkt i samtalar
  • reflektere etisk over korleis eleven framstiller seg sjølv og andre i digitale medium
  • presentere faglege emne munnleg med og utan digitale ressursar
  • leike med språket og prøve ut ulike verkemiddel og framstillingsmåtar i munnlege og skriftlege tekstar
  • beskrive, fortelje, argumentere og reflektere i ulike munnlege og skriftlege sjangrar og for ulike formål
  • skrive tekstar med tydeleg struktur og meistre sentrale reglar for rettskriving, ordbøying og teiknsetjing
  • gi tilbakemelding på medelevar sine tekstar ut frå kriterium og bruke tilbakemeldingar i vidare arbeid med eigne tekstar
  • bruke fagspråk og kunnskap om ordklassar og setningsoppbygging i samtale om eigne og andre sine tekstar
  • utforske og beskrive samspelet mellom skrift, bilete og andre uttrykksformer og lage eigne samansette tekstar
  • prøve ut skriving av tekstar på sidemål
  • samanlikne talespråk i nærmiljøet med andre talespråkvariantar i Noreg og med nabospråk
  • utforske og reflektere over samanhengen mellom språk og identitet

Undervegsvurdering