Norsk (NOR01‑06)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Norsk er eit sentralt fag for kulturforståing, kommunikasjon, danning og identitetsutvikling. Faget skal gi elevane tilgang til tekstar, sjangrar og det språklege mangfaldet i kulturen og skal bidra til at dei utviklar språk for å tenkje, kommunisere og lære. Faget norsk skal ruste elevane til å delta i demokratiske prosessar og skal førebu dei på eit arbeidsliv som stiller krav om variert kompetanse i lesing, skriving og munnleg kommunikasjon.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Faget norsk skal gi elevane innsikt i den rike og mangfaldige språk- og kulturarven i Noreg. Gjennom arbeid med faget norsk skal elevane bli trygge språkbrukarar og medvitne om sin eigen språklege og kulturelle identitet innanfor eit inkluderande fellesskap der fleirspråklegheit blir verdsett som ein ressurs. Faget skal styrkje evna elevane har til kritisk tenking og skal ruste dei til å delta i samfunnet gjennom ei utforskande og kritisk tilnærming til språk og tekst. Norskfaget skal gi elevane litterære opplevingar og moglegheit til å uttrykkje seg kreativt og skapande. Lesing av skjønnlitteratur og sakprosa skal gi elevane moglegheit til å reflektere over sentrale verdiar og moralske spørsmål og bidra til at dei får respekt for menneskeverdet og for naturen.