Norsk (NOR01‑06)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i norsk er å kunne samhandle med andre gjennom å lytte, fortelje og samtale. Det inneber å bruke retoriske ferdigheiter og å uttrykkje seg på formålstenleg vis i ulike spontane og førebudde kommunikasjonssituasjonar, inkludert å kunne planleggje og framføre ulike typar munnlege presentasjonar som er tilpassa mottakarane. Norsk har eit særleg ansvar for utviklinga av munnlege ferdigheiter. Utviklinga av munnlege ferdigheiter i norsk går frå tidleg samhandling i leik og faglege aktivitetar til å bruke det munnlege språket stadig meir presist og nyansert i ulike norskfaglege samtalar og presentasjonar.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i norsk er å kunne uttrykkje seg i eit breitt utval skjønnlitterære og sakprega sjangrar. Det inneber å utvikle personlege skriftlege uttrykksmåtar og å beherske skrivestrategiar, rettskriving og oppbygging av tekstar. Å skrive er òg ein måte å utvikle og strukturere tankar på og ein metode for å lære. Norsk har eit særleg ansvar for opplæringa i å kunne skrive. Utviklinga av å kunne skrive i norsk går frå den grunnleggjande skriveopplæringa til å planleggje, utforme og arbeide vidare med tekstar i ulike sjangrar og tilpassa formål, medium og mottakar. Skriving i norsk inneber å uttrykkje seg med ei stadig større språkleg sikkerheit på både hovudmål og sidemål.
Den første skriveopplæringa skal gå for seg på hovudmålet til elevane.
Å kunne lese
Å kunne lese i norsk inneber å lese både på papir og digitalt. Det inneber å kunne lese og reflektere over skjønnlitteratur og sakprosa, å beherske lesestrategiar tilpassa formålet med lesinga og å kunne vurdere tekstar kritisk. Lesing i norsk inneber òg å lese samansette tekstar som kan innehalde skrift, bilete, teikningar, tal og andre uttrykksformer. Norsk har eit særleg ansvar for opplæringa i å kunne lese. Utviklinga av å kunne lese i norsk går frå den grunnleggjande avkodinga til å lese, tolke og reflektere over tekstar i ulike sjangrar, for ulike formål og av ulik lengd og kompleksitet.
Den første leseopplæringa skal gå for seg på hovudmålet til elevane.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i norsk er å kunne finne, vurdere og bruke digitale kjelder i arbeid med tekst. Det inneber å bruke digitale ressursar kreativt til å skape samansette tekstar og å utvikle kritisk og etisk medvit om det å framstille seg sjølv og andre digitalt. Utviklinga av digitale ferdigheiter i norsk går frå å lage enkle samansette tekstar til å planleggje, utvikle og redigere samansette tekstar basert på kunnskap om korleis dei forskjellige uttrykksformene verkar saman. Utviklinga inneber òg å vise ein stadig større grad av sjølvstende og dømmekraft i val og bruk av digitale kjelder.