Norsk (NOR01‑06)
Kjerneelement
Tekst i kontekst
Elevane skal lese tekstar for å oppleve, bli engasjerte, undre seg, lære og få innsikt i tankane og livsvilkåra til andre menneske. Norskfaget byggjer på eit utvida tekstomgrep. Dette inneber at elevane skal lese og oppleve tekstar som kombinerer ulike uttrykksformer. Dei skal utforske og reflektere over skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk, på svensk og dansk, og omsette tekstar frå samiske og andre språk. Tekstane skal knytast både til kulturhistorisk kontekst og til elevane si eiga samtid.
Kritisk tilnærming til tekst
Elevane skal kunne reflektere kritisk over kva slags påverknadskraft og truverde tekstar har. Dei skal kunne bruke og variere språklege og retoriske verkemiddel på formålstenleg vis i eigne munnlege og skriftlege tekstar. Dei skal vise digital dømmekraft og opptre etisk og reflektert i kommunikasjon med andre.
Munnleg kommunikasjon
Elevane skal få positive opplevingar ved å uttrykkje og utfalde seg munnleg. Dei skal lytte til og byggje på innspel frå andre i faglege samtalar. Dei skal presentere, fortelje og diskutere på formålstenlege måtar både spontant og planlagd, framfor eit publikum og med bruk av digitale ressursar.
Skriftleg tekstskaping
Elevane skal få oppleve skriveopplæringa som meiningsfull. Dei skal kunne skrive på hovudmål og sidemål i ulike sjangrar og for ulike formål, og dei skal kunne kombinere skrift med andre uttrykksformer. Vidare skal dei kunne vurdere tekstane til andre og arbeide vidare med eigne tekstar ut frå tilbakemeldingar.
Språket som system og moglegheit
Elevane skal utvikle kunnskapar om og eit omgrepsapparat for å beskrive grammatiske og estetiske sider ved språket. Dei skal beherske etablerte språk- og sjangernormer og kunne leike, utforske og eksperimentere med språket på kreative måtar.
Språkleg mangfald
Elevane skal ha kunnskap om språksituasjonen i Noreg i dag og utforske den historiske bakgrunnen for han. Dei skal ha innsikt i samanhengen mellom språk, kultur og identitet og kunne forstå eigen og andre sin språklege situasjon i Noreg.