Norsk (NOR01‑06)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
10. trinn: Eleven skal ha tre standpunktkarakterar, éin i norsk munnleg, éin i norsk skriftleg hovudmål og éin i norsk skriftleg sidemål.
Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Vg3 studieførebuande utdanningsprogram: Eleven skal ha tre standpunktkarakterar, éin i norsk munnleg, éin i norsk skriftleg hovudmål og éin i norsk skriftleg sidemål.
Vg3 påbygging til generell studiekompetanse: Eleven skal ha tre standpunktkarakterar, éin i norsk munnleg, éin i norsk skriftleg hovudmål og éin i norsk skriftleg sidemål.
Eksamen for elevar
10. trinn: Eleven kan bli trekt ut til to dagars skriftleg eksamen som omfattar norsk hovudmål og norsk sidemål. Eksamen skal ha førebuingsdel. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Eleven kan òg bli trekt ut til munnleg eksamen med førebuingsdel. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram: Eleven kan bli trekt ut til skriftleg eksamen i norsk hovudmål. Eksamen skal ha førebuingsdel. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Eleven kan òg bli trekt ut til munnleg eksamen med førebuingsdel. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Vg3 studieførebuande utdanningsprogram: Eleven skal opp til skriftleg eksamen i norsk hovudmål. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Eleven kan òg bli trekt ut til skriftleg eksamen i norsk sidemål. I tillegg kan eleven bli trekt ut til munnleg eksamen med førebuingsdel. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Vg3 påbygging til generell studiekompetanse: Eleven skal opp til skriftleg eksamen i norsk hovudmål. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Eleven kan òg bli trekt ut til skriftleg eksamen i norsk sidemål. I tillegg kan eleven bli trekt ut til munnleg eksamen med førebuingsdel. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Eksamen for privatistar
10. trinn: Sjå gjeldande ordning for grunnskuleopplæring for vaksne.
Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram: Privatisten skal opp til skriftleg eksamen i norsk hovudmål. Eksamen skal ha førebuingsdel. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. I tillegg skal privatisten opp til munnleg eksamen. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Vg3 studieførebuande utdanningsprogram: Privatisten skal opp til skriftleg eksamen både i norsk hovudmål og i norsk sidemål. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. I tillegg skal privatisten opp til munnleg eksamen. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Vg3 påbygging til generell studiekompetanse: Privatisten skal opp til skriftleg eksamen både i norsk hovudmål og i norsk sidemål. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. I tillegg skal privatisten opp til munnleg eksamen. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.