Norsk FOV (NOR10‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter modul 3
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- orientere seg i tekstar som handlar om utdanning og arbeidsliv, for å finne og vurdere relevant informasjon og diskutere moglege karrierevegar
- diskutere betydninga av norskfaget i eit utval yrke og formulere personlege læringsmål i norsk med utgangspunkt i eigne karriereplanar
- skrive jobbsøknad og vurdere korleis ulike søknader svarer på stillingsannonsar
- reflektere over haldningar til språkleg og kulturelt mangfald i samfunnslivet og arbeidslivet
- lese skjønnlitteratur og sakprosa, samtale om form og innhald og knytte innhaldet til eigne erfaringar
- bruke lesestrategiar før, under og etter lesing
- vurdere truverdet til kjelder og stille kritiske spørsmål til tekstar
- beskrive og tolke samspelet mellom skrift, bilete og andre uttrykksformer og utvikle eigne samansette tekstar
- delta aktivt i faglege diskusjonar med grunngitte meiningar og sakleg argumentasjon
- prøve ut ulike verkemiddel i munnlege og skriftlege tekstar
- skrive argumenterande tekstar og prøve ut ulike måtar å argumentere på
- planleggje og utvikle tekstar ved bruk av modelltekstar og andre skrivestrategiar
- vidareutvikle eigne tekstar ut frå tilbakemeldingar
- beskrive den historiske bakgrunnen for bokmål og nynorsk
- skrive tekstar med variert ordtilfang og tekstbinding
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Deltakarane viser og utviklar kompetanse i norsk på modul 3 når dei kan lese og samtale om form og innhald i tekstar, og når dei kan uttrykkje seg klart og tydeleg i skriftlege og munnlege tekstar. Deltakarane viser kompetanse når dei skriv tekstar med struktur og samanheng. Dei viser også kompetanse når dei reflekterer over og stiller kritiske spørsmål til tekstar og vurderer truverdet til ulike kjelder. Munnleg viser deltakarane kompetanse gjennom aktiv deltaking i faglege samtalar og diskusjonar der dei grunngir eigne standpunkt.
Læraren skal leggje til rette for deltakarmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte vurderingsformer og ved å bruke bakgrunnen og erfaringane til deltakarane som ressurs i læringsarbeidet. Læraren skal gi deltakarane tilbakemeldingar som bidreg til at dei i aukande grad bruker lese- og skrivestrategiar sjølvstendig i arbeidet med faget. Undervegsvurderinga skal også bidra til at deltakarane blir meir uthaldande når det gjeld lesing og skriving i arbeid med faglege tema. Læraren og deltakarane skal vere i dialog om deltakarane si utvikling i norsk. Deltakarane skal få høve til å setje ord på kva dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege og språklege utvikling. Dei skal få informasjon om kva som er forventa av dei, og korleis dei kan arbeide vidare for å nå måla sine for opplæringa. Læraren skal bruke undervegsvurderinga til å tilpasse den vidare opplæringa. Undervegsvurderinga skal bidra til at deltakarane bruker kompetansane, erfaringane og dei språklege ressursane sine til å utforske og prøve seg fram i vidare læring.