Norsk FOV (NOR10‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter modul 4
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- trekkje ut relevant informasjon frå, summere opp hovudinnhaldet i og reflektere over ulike tekstar munnleg og skriftleg
- undersøkje og presentere praktiske og teoretisk krav til eit sjølvvalt yrke og kva yrket inneber
- lese og analysere skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samisk og andre språk, og samanlikne form, innhald og verkemiddel
- bruke lesestrategiar på ein sjølvstendig måte og reflektere over eigen bruk
- utvikle samansette tekstar og grunngi val av uttrykksformer
- uttrykkje seg i ulike sjangrar og eksperimentere med sjangrar på kreative måtar
- uttrykkje seg munnleg og skriftleg i sjangrar som er relevante i aktuelle jobb- og opplæringssamanhengar, tilpasse form og innhald til formål, mottakar og kontekst og vidareutvikle tekstane etter tilbakemeldingar
- bruke skrivestrategiar formålstenleg i arbeidet med å utvikle og ferdigstille tekstar
- vurdere og bruke kjelder på ein kritisk måte, markere sitat og vise til kjelder i eigne tekstar
- kjenne att og bruke språklege verkemiddel og retoriske appellformer
- beskrive sjangertrekk og skrive tekstar med tydeleg struktur og klar tematisk samanheng, tilpassa mottakar og formål
- vidareutvikle eigne tekstar på bakgrunn av eigne refleksjonar og vurderingar
- samtale om statusen til dei offisielle språka i Noreg i dag, reflektere over språkleg variasjon og mangfald og forholdet mellom språk, identitet og kultur
- leie og summere opp faglege diskusjonar
- bruke grunnleggjande reglar for rettskriving, teiknsetjing og grammatiske strukturar og uttrykke seg skriftleg med variasjon i ordforråd og strukturar
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Deltakarane viser og utviklar kompetanse i norsk på modul 4 når dei samanliknar form, innhald og verkemiddel i tekstar. Dei viser kompetanse når dei uttrykkjer seg i fleire skriftlege og munnlege sjangrar, støttar seg til varierte kjelder og oppgir kjelder på ein etterretteleg måte. Deltakarane viser også kompetanse når dei skriv tekstar med tydeleg struktur og klar tematisk samanheng, og når dei sjølve vurderer og vidareutviklar eigne tekstar. Vidare viser deltakarane kompetanse når dei bruker språklege verkemiddel og retoriske appellformer, og når dei grunngir val av uttrykksmåtar i samansette tekstar.
Læraren skal leggje til rette for deltakarmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte vurderingsformer og ved å bruke bakgrunnen og erfaringane til deltakarane som ressurs i læringsarbeidet. Læraren skal gi deltakarane tilbakemeldingar som bidreg til at dei bruker lese- og skrivestrategiar sjølvstendig i arbeidet med faget. Undervegsvurderinga skal også bidra til at deltakarane blir meir uthaldande når det gjeld lesing og skriving i arbeid med faglege problemstillingar. Læraren og deltakarane skal vere i dialog om deltakarane si utvikling i norsk. Deltakarane skal få høve til å setje ord på kva dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege og språklege utvikling. Dei skal få informasjon om kva som er forventa av dei, og korleis dei kan arbeide vidare for å nå måla sine for opplæringa. Læraren skal bruke undervegsvurderinga til å tilpasse den vidare opplæringa. Undervegsvurderinga skal bidra til at deltakarane bruker kompetansane, erfaringane og dei språklege ressursane sine til å utforske og prøve seg fram i vidare læring.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen deltakaren har etter opplæringa i modul 4 i norsk. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at deltakarane får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i norsk munnleg basert på kompetansen deltakaren har vist når deltakaren har kommunisert fagleg innhald munnleg. Læraren skal setje karakter i norsk skriftleg basert på kompetansen deltakaren har vist i eit utval tekstar i ulike sjangrar og for ulike formål.