Norsk FOV (NOR10‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Norsk er eit sentralt fag for kulturforståing, kommunikasjon og livslang læring. Faget skal leggje til rette for aktiv deltaking i samfunnslivet og arbeidslivet. Vidare skal faget gi deltakarane tilgang til tekstane, sjangrane og det språklege mangfaldet i kulturen. Faget skal bidra til at deltakarane får brukt språket til å uttrykkje tankar, reflektere kritisk, kommunisere og lære. Norskfaget skal også styrkje deltakarane sine føresetnader for livslang læring og deltaking i eit arbeidsliv som stiller krav til variert kompetanse i lesing, skriving og munnleg kommunikasjon.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Faget norsk byggjer på eit utvida tekstomgrep der deltakarane skal lese og skrive tekstar som kombinerer ulike uttrykksformer. Deltakarane skal bli meir bevisste på sin eigen språklege og kulturelle identitet i eit fleirkulturelt samfunn der fleirspråklegheit blir verdsett som ein ressurs. Ressursane og livserfaringane til deltakarane skal liggje til grunn for arbeidet med faget. Faget skal bidra til auka samfunnsdeltaking ved å leggje til rette for refleksjon og ei kritisk tilnærming til språk og tekst. Norskfaget skal også vidareutvikle den skriftspråklege kompetansen til deltakarane og bidra til at dei kan nytte denne kompetansen i opplæring, samfunnsliv og arbeidsliv. Vidare skal norskfaget gi deltakarane litterære opplevingar og høve til å reflektere over sentrale verdiar og moralske spørsmål.