Norsk FOV (NOR10‑01)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i norsk er å kunne samhandle med andre gjennom å lytte, tale og samtale. Deltakarane skal vidareutvikle den aktive munnlege deltakinga si i opplæring, samfunnsliv og arbeidsliv. Det inneber å argumentere for og grunngi eigne synspunkt og bruke retoriske ferdigheiter i diskusjonar i ulike samanhengar. Norsk har eit særleg ansvar for at deltakarane vidareutviklar dei munnlege ferdigheitene sine slik at dei kan bruke det munnlege språket stadig meir presist og nyansert i samtaler, diskusjonar og presentasjonar.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i norsk er å utvikle skriftlege uttrykksmåtar og formelle ferdigheiter og å meistre skrivestrategiar og oppbygging av tekstar både på papir og digitalt. Det inneber å kunne kommunisere skriftleg i opplæring, samfunnsliv og arbeidsliv. Norsk har eit særleg ansvar for skriveopplæringa. Utviklinga av å kunne skrive i norsk inneber å uttrykkje seg med ei stadig større språkleg sikkerheit på hovudmål og i større grad kunne planleggje, forme ut og omarbeide tekstar tilpassa formål, medium og mottakar.
Å kunne lese
Å kunne lese i norsk er å lese med forståing både på papir og digitalt. Det inneber å bruke lesestrategiar tilpassa situasjonen og formålet med lesinga og å kunne vurdere tekstar kritisk. Å kunne lese i norsk inneber å lese samansette tekstar som kan innehalde skrift, bilete, teikningar, tal og andre uttrykksformer. Norsk har eit særleg ansvar for leseopplæringa. Utviklinga av å kunne lese i norsk inneber å forstå, tolke og reflektere over tekstar av aukande vanskegrad i opplæring, samfunnsliv og arbeidsliv.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i norsk er å kunne bruke digitale verktøy og kjelder i arbeid med tekst i opplæringa, samfunnslivet og arbeidslivet. Det inneber å bruke digitale verktøy til å skape samansette tekstar basert på kunnskap om korleis ulike uttrykksformer verkar saman. Utviklinga av digitale ferdigheiter i norsk går frå å lage enkle til meir komplekse samansette tekstar til bruk i ulike samanhengar, til å vise ein stadig større grad av sjølvstende og dømmekraft i val og bruk av digitale verktøy og kjelder.