Norsk FOV (NOR10‑01)
Kjerneelement
Lesing og kritisk tilnærming til tekst
Deltakarane skal lese skjønnlitteratur, sakprosa og brukstekstar og vidareutvikle kompetanse i å lese tekstar kritisk. Dei skal lese og oppleve tekstar som kombinerer ulike uttrykksformer. Vidare skal dei kunne reflektere kritisk over kva påverknadskraft og truverd tekstar har, og nytte denne kunnskapen i lesing av tekstar frå opplæring, samfunnsliv og arbeidsliv.
Munnleg og skriftleg kommunikasjon
Deltakarane skal kommunisere munnleg og skriftleg for ulike formål i ulike samanhengar og bruke ulike uttrykksformer. Dette inneber å ta i bruk eigna strategiar, medium og kjelder i munnleg og skriftleg kommunikasjon på ein kritisk og etterretteleg måte. Dei skal bli tryggare i munnlege og skriftlege sjangrar dei møter i opplæring, samfunnsliv og arbeidsliv, utvikle djupare kjennskap til språklege konvensjonar og kunne tilpasse tekst til formål og mottakar. Å uttrykkje seg munnleg og skriftleg er også ein måte å utvikle og strukturere tankar på og ein metode for å lære.
Språkleg og kulturelt mangfald
Deltakarane skal undersøkje samanhengen mellom språk, kultur og identitet. Dei skal ha innsikt i den historiske bakgrunnen for det norske språket og vidareutvikle kunnskap om eigen og andre sin språklege situasjon i Noreg i dag. Deltakarane skal vidareutvikle kunnskapar om grammatiske og estetiske sider ved språket og eit omgrepsapparat for å beskrive det.
Utdanning og arbeidsliv
Deltakarane skal lese, reflektere over og skrive tekstar knytte til utdanning og arbeidsliv. Dei skal bli betre kjende med yrkesrelaterte ord og omgrep og styrke dei kommunikative ferdigheitene sine for bruk i utdanning og arbeidsliv. Vidare skal dei orientere seg i og vurdere informasjon om utdanning og arbeidsliv, og dei skal setje ord på eigne karrieremål og eigen kompetanse.