Norsk FOV (NOR10‑01)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I norsk handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å vidareutvikle den språklege kompetansen til deltakarane slik at dei kan gi uttrykk for eigne behov, kjensler, tankar og erfaringar. Dette er viktig for å handtere relasjonar og delta i fellesskap med andre. Arbeid med aktuelle brukstekstar kan styrke føresetnadene til deltakarane for å ta informerte val og vareta familieliv og eiga helse. Lesing av skjønnlitteratur og sakprosa kan også bidra til livsmeistring, ved at deltakarane reflekterer over sin eigen identitet og blir meir bevisste på eigne moglegheiter.
Demokrati og medborgarskap
I norsk handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å vidareutvikle dei munnlege og skriftlege ferdigheitene, den retoriske kompetansen og den kritiske tenkinga til deltakarane, slik at dei kan gi uttrykk for eigne tankar og meiningar og delta i samfunnsliv, arbeidsliv og demokratiske prosessar. Gjennom å lese kritisk, utøve kjeldekritikk og stille kritiske spørsmål til eit mangfald av tekstar får deltakarane eit betre grunnlag for å kunne skilje mellom meiningar og fakta og argumentere sakleg i samtalar og diskusjonar. Norskfaget skal slik styrkje deltakarane sine føresetnader for å vere aktive medborgarar. Arbeid med skjønnlitteratur og sakprosa gir deltakarane eit djupare innblikk i livssituasjonen og utfordringane til andre menneske og kan bidra til auka forståing, toleranse og respekt for andre menneske sine synspunkt og perspektiv.
Berekraftig utvikling
I norsk handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å ruste deltakarane til å handle berekraftig og påverke samfunnet i ei berekraftig retning gjennom språket. Gjennom samtalar, diskusjonar og arbeid med tekstar kan faget norsk bidra til at deltakarane i større grad gjer ansvarlege val og handlar etisk og miljøbevisst i utdanning, arbeidsliv og samfunnsliv.